HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Få kalv i kua – del 4

Fruktbarhet og stress

Stresspåvirkning gjev utskiljing av kortisol og er negativt for fruktbarheten. Sunniva Anette Hunskaar Tajet

Stress og høg kortisolutskiljing vil både kunne påverka eggløsningstidspunktet og eggkvaliteten

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

Det er fleire ting som kan skapa stress i eit fjøs. I ei lausdrift med dårleg kutrafikk ser ein gjerne at førstegongskalvarane vert særleg lidande. Brå handtering og oppjaging av dyra ved skraping og flytting, dårleg tilgang på drikkekar, eller kutrenar som er justert feil er andre eksempel på slike stressmoment. Om dyra går gjennom sterkt stress rundt sjølve inseminasjonstidspunktet kan det gjera at eggløysinga vert forsinka, og såleis at resultatet av insemineringa ikkje vert slik ein ønska.

Miljøfaktorar som hindrar dyra i å utøva normal brunstatferd

Ein kan også ha ulike miljøfaktorar som hindrar dyra i å utøva normal brunstatferd. Det kan vera eit glatt golv, med lite tak for klauvene. Er det trange gangareal og for høg dyretettleik, vil også dette kunne dempa brunstaktivtiten.

Fullt lys i 12 – 16 timer

Lys er ein annan miljøfaktor som kan gje påverknad på fruktbarheita. Det reduserar utskiljinga av melatonin i hjernen som igjen påverkar hypofysen og frigjering av hormon som spelar inn på reproduksjon. Optimalt bør mest mogeleg av dagslyset få sleppa inn i fjøset. På dagtid bør lysstyrken ligga på 300 lux. Fullt lys bør vera på i minimum 12 timar, og gjerne så lenge som 16 timar. Nattlyset bør ligga på 50 lux eller mindre i dei resterande 8-12 timane. Det er svært interessant å gjera lysmålingar i fjøset for å sjå om det finst avdelingar eller område der lysstyrken avvikar mykje frå anbefalingane. Det går an å få kjøpt billege lysmålarar, eller nytta app på telefonen for å gjera desse målingane.

Sjå etter stressmoment i eige fjøs

Ved å gå gjennom eige fjøs og fjøsrutinar, kan ein gjerne oppdaga nokre stressmoment eller miljøfaktorar ein kan ta tak i, som så kan gje positiv innverknad på fruktbarheita.